
Natt på vågen, Bergen
my blogg
For så elska Gud verda
at han gav Son sin, den einborne,
så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt,
men ha evig liv.
For så elska Gud verdaGud elska verda, dvs. oss.
at han gav Son sin, den einborne,Og han elska oss så høgt at han gav sin einaste Son, Jesus. Jesus døde på korset.
så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.alle som trur på han (Jesus) skal ha evig liv. Evig Liv
Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du del levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom tilmeg, Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.
Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen
No livnar det lundar, no lauvast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stundar Når våren kjem her nord
og atter som eit under Nytt liv av daude gror
Du vår med ljose dagar, Med lengting, liv og song,
Du spår at Gud oss lagar Ein betre vår ein gong.
Då me med vigsla tunge, Med kjærleik heil og klår,
Alt utan brest og sprunge Skal lova Herren vår!