Saturday, December 31, 2005

Når forskning misbrukes

Ole Texmo skriv ein interessant kronikk om misbruk av forskning på forskning.no.

Han trekk fram Amnesty Norge og kampanjen deira Velkommen til Norge som døme misbruk av forskningsresultat.

Friday, December 30, 2005

Mange ord for snø??

Kom over ein interssant artikkel om myten om at Eskimoane har hundrevis av ord for snø. For det er ein myte. Du kan lese artikkelen frå forskning.no her:
Det nedsnødde språket

Ein kan lese meir om dette i boka The Great Eskimo Vocabulary Hoax and Other Irreverent Essays on the Study of Language av Geoffrey K. Pullum.

Thursday, December 29, 2005

Wednesday, December 07, 2005

Astronomy Picture of the Day

Du kan dagleg få interessante astronomibilder frå denne url'en:
http://antwrp.gsfc.nasa.gov/apod/astropix.html

Idag er td. eit bilde av Europa om natta, satt sammen av mange satelittbilder tatt både om dagen og om natta. Slik har ein fått eit
skyfritt bilde. I tillegg har ein forsterka kontrastane og lysa på bakken.

Likevel eit interessant bilde og det finst mange fleire. Dei har eit arkiv over alle bilda dei har publisert.

Friday, November 25, 2005

Himmeldiamanten



Eg er med i eit kor som heiter Sola Fide. Vi har nettopp gitt ut ein jule-CD og den heiter Himmeldiamanten.

No er det tid for julekonsertar og Sola Fide har år sine julekonsertar i Skjold kirke og i Mariakirken. 18.desember i Skold kirke (to konsertar samme dag) og 20. desember i Mariakirken. Konserten i Mariakirken er alt utseld, men det er billetar igjen til dei to konsertane i Skjold kirke.

Du vil finne meir informasjon om koret, CD-en og julekonsertane på intenettsida til koret.

Monday, November 07, 2005

Fotballsesongen er over

Vålerenga vann serien og Molde cupen. Ein tidsepoke er over, seiersrekka til Rosenborg er over. Det unngjekk så vidt nedrykksspøkelse samtidig som dei spela i Champions League. Veldig rart.

Trur det er ein styrke for norsk fotball at andre lag vinn. I tillegg var det svært jamt heilt til slutt, det er også med på å halde interssa oppe.

SK Brann gjorde også ein skuffande dårleg sesong. Klarde ikkje å vidareføre siste sesong. Dei har vore plaga av mange skadar, likevel er det noko som ikkje stemmer heilt på Stadion. Er ikkje så sikker på om det vil bedre seg til neste år.

Sunday, October 02, 2005

Haust tegn

Såg grågåsene trekke sørover for eit par dagar sidan. Eit sikkert tegn på hausten kjem snart.

Andre tegn på hausten er at det har blitt kaldare. Og her på vestlandet har det regna svært mykje den siste tida.

Wednesday, September 28, 2005

Wikipedia

Wikipedia - det frie oppslagsverket

Det blir laga eit fritt oppslagsverk på internett. Og alle kan vere med å skrive! Det vert laga på dugnad. Sidan det er veldig mange som er med vert feil og tull og tøys luka vekk ganske fort. Ein nyttar wikiprogramvare til dette arbeidet.

Ganske fasenerande synest eg.

Ordet Wikipedia er ein kombinasjon av Wikiwiki og Encyclopedia.

Wikipedia starta 15. januar 2001. Først berre i engelskspråkleg utgåve, men alt i mars samme år byrja ein på ein franskspråkleg versjon. Sidan har det utvikla seg vidare og i 2004 vart arbeidet med ein nynorsk Wikipedia starta.

No er det over 350 000 artiklar på engelsk og over 650 000 artiklar på andre språk. Og antal artiklar veks fort.

Thursday, April 21, 2005

Elska av Gud

Vi er elska av Gud. Det er ikkje å ta feil av det som står i Joh 3.16
For så elska Gud verda
at han gav Son sin, den einborne,
så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt,
men ha evig liv.

Kva betyr egentleg dette?

For så elska Gud verda
Gud elska verda, dvs. oss.
at han gav Son sin, den einborne,
Og han elska oss så høgt at han gav sin einaste Son, Jesus. Jesus døde på korset.
så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
alle som trur på han (Jesus) skal ha evig liv. Evig Liv

Kva betyr det å tru på Jesus?

Monday, April 18, 2005

Ei lita jente

Vi fekk ei lita jente igår.

Natt til igår fekk vi ei lita jente. Det er underleg, føles litt uvirkeleg. Plutseleg er eit nytt liv her. Vi har venta lenge, men så skjer det og vi får sjå korleis ho ser ut og korleis ho er.

Vi er svært glade for at alt gjekk bra og gler oss til å ta fatt på rolla som fereldre.

Wednesday, April 13, 2005

Norske amatørastronomar har oppdaga ein supernova

Dei norske amatørastronomane Arne Danielsen, Ståle Kildahl og Mikkel Steine har oppdaga ein supernova i ein galakse som ligg 400 lysår vekke. Denne oppdaginga er oppsiktsvekkande.

Meir info:

Monday, April 11, 2005

Ny fotball sesong

Fotballen har byrja å rulle igjen.

Dei fleste kampane i eliteserien vart spelt igår og sidan både RBK og VIF avga poeng ligg alt klart for at Brann kan få eit forsprang på dei andre favorittane alt i starten.

Aalsesund FK gjorde ein god jobb ved å ta eitt poeng i Trondheim, det kunne fort blitt tre.

Som oftast har Brann vore seriemester lenge før sesongen har byrja. Iallefall i egne og dei fleste bergensarar sine auge. Dette har endra seg dei siste åra og under Mons Ivar Mjelde har slike draumeslott ikkje så stor plass. Til trass for dette er det iår håp om at ein skal gjere ein bedre sesong enn i fjor. Men som alltid vil laget frå trøndelag bli vanskeleg å slå og Vålerenga virkar også sterke, i tillegg dukker det nok opp eit par lag som gjer det bedre enn venta.

Det hadde gjort dersom eit anna lag enn RBK vann serien (og cupen) iår. Og eg håper at det blir Brann.

Friday, April 08, 2005

Snø i april

Snø i april

Idag snør det her i Bergen. Snøen har kome lenger og lenger nedover fjella og lagt seg som eit tynt lag over alt. Den vil nok ikkje bli liggande, men våren har fått eit lite tilbakeslag.

For ikkje mange dagane sidan var det full vår, men no blir de kaldt eit par dagar før våren igjen vil overta og det blir grønt og fint overalt.

Friday, April 01, 2005

Deg å få skoda

Denne fine irske salmen frå 700-tallet er mykje brukt i Norge. Ifølge NRK.no er den ein av dei mest brukte sangane våre. Ikkje så rart. Teksta er ei personleg bønn om å vere nær Gud, og melodien bygger godt under teksta. Arve Brunvoll har gjort ein god jobb i omsettinga.

Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!!

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du del levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom tilmeg, Herre, ja, bu du i meg!

Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen


Monday, March 28, 2005

No livnar det i lundar

No er det vår i Bergen. Det er på mange måtar den finaste tida her på Vestlandet.

Sola skin frå (nesten) skyfri himmel og det er godt og varmt. Ikkje så mange som tenker på klimaendringar i slike tider.

Fuglane har også vakna til live og det er på tide å friske opp att korleis dei forskjellige fuglane syng.

Vårsalmen til Elias Blix gjeld i år også:
No livnar det lundar, no lauvast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stundar Når våren kjem her nord
og atter som eit under Nytt liv av daude gror

Du vår med ljose dagar, Med lengting, liv og song,
Du spår at Gud oss lagar Ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge, Med kjærleik heil og klår,
Alt utan brest og sprunge Skal lova Herren vår!

Monday, March 14, 2005

Snø i Bergen?


Javist. Når det først kjem så kjem det mykje. Idag kom det mellom 30 og 40 cm snø på eit døgn.Posted by Hello