Thursday, April 21, 2005

Elska av Gud

Vi er elska av Gud. Det er ikkje å ta feil av det som står i Joh 3.16
For så elska Gud verda
at han gav Son sin, den einborne,
så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt,
men ha evig liv.

Kva betyr egentleg dette?

For så elska Gud verda
Gud elska verda, dvs. oss.
at han gav Son sin, den einborne,
Og han elska oss så høgt at han gav sin einaste Son, Jesus. Jesus døde på korset.
så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
alle som trur på han (Jesus) skal ha evig liv. Evig Liv

Kva betyr det å tru på Jesus?

Monday, April 18, 2005

Ei lita jente

Vi fekk ei lita jente igår.

Natt til igår fekk vi ei lita jente. Det er underleg, føles litt uvirkeleg. Plutseleg er eit nytt liv her. Vi har venta lenge, men så skjer det og vi får sjå korleis ho ser ut og korleis ho er.

Vi er svært glade for at alt gjekk bra og gler oss til å ta fatt på rolla som fereldre.

Wednesday, April 13, 2005

Norske amatørastronomar har oppdaga ein supernova

Dei norske amatørastronomane Arne Danielsen, Ståle Kildahl og Mikkel Steine har oppdaga ein supernova i ein galakse som ligg 400 lysår vekke. Denne oppdaginga er oppsiktsvekkande.

Meir info:

Monday, April 11, 2005

Ny fotball sesong

Fotballen har byrja å rulle igjen.

Dei fleste kampane i eliteserien vart spelt igår og sidan både RBK og VIF avga poeng ligg alt klart for at Brann kan få eit forsprang på dei andre favorittane alt i starten.

Aalsesund FK gjorde ein god jobb ved å ta eitt poeng i Trondheim, det kunne fort blitt tre.

Som oftast har Brann vore seriemester lenge før sesongen har byrja. Iallefall i egne og dei fleste bergensarar sine auge. Dette har endra seg dei siste åra og under Mons Ivar Mjelde har slike draumeslott ikkje så stor plass. Til trass for dette er det iår håp om at ein skal gjere ein bedre sesong enn i fjor. Men som alltid vil laget frå trøndelag bli vanskeleg å slå og Vålerenga virkar også sterke, i tillegg dukker det nok opp eit par lag som gjer det bedre enn venta.

Det hadde gjort dersom eit anna lag enn RBK vann serien (og cupen) iår. Og eg håper at det blir Brann.

Friday, April 08, 2005

Snø i april

Snø i april

Idag snør det her i Bergen. Snøen har kome lenger og lenger nedover fjella og lagt seg som eit tynt lag over alt. Den vil nok ikkje bli liggande, men våren har fått eit lite tilbakeslag.

For ikkje mange dagane sidan var det full vår, men no blir de kaldt eit par dagar før våren igjen vil overta og det blir grønt og fint overalt.

Friday, April 01, 2005

Deg å få skoda

Denne fine irske salmen frå 700-tallet er mykje brukt i Norge. Ifølge NRK.no er den ein av dei mest brukte sangane våre. Ikkje så rart. Teksta er ei personleg bønn om å vere nær Gud, og melodien bygger godt under teksta. Arve Brunvoll har gjort ein god jobb i omsettinga.

Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!!

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du del levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom tilmeg, Herre, ja, bu du i meg!

Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen