Monday, March 28, 2005

No livnar det i lundar

No er det vår i Bergen. Det er på mange måtar den finaste tida her på Vestlandet.

Sola skin frå (nesten) skyfri himmel og det er godt og varmt. Ikkje så mange som tenker på klimaendringar i slike tider.

Fuglane har også vakna til live og det er på tide å friske opp att korleis dei forskjellige fuglane syng.

Vårsalmen til Elias Blix gjeld i år også:
No livnar det lundar, no lauvast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stundar Når våren kjem her nord
og atter som eit under Nytt liv av daude gror

Du vår med ljose dagar, Med lengting, liv og song,
Du spår at Gud oss lagar Ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge, Med kjærleik heil og klår,
Alt utan brest og sprunge Skal lova Herren vår!

Monday, March 14, 2005

Snø i Bergen?


Javist. Når det først kjem så kjem det mykje. Idag kom det mellom 30 og 40 cm snø på eit døgn.Posted by Hello