Wednesday, September 28, 2005

Wikipedia

Wikipedia - det frie oppslagsverket

Det blir laga eit fritt oppslagsverk på internett. Og alle kan vere med å skrive! Det vert laga på dugnad. Sidan det er veldig mange som er med vert feil og tull og tøys luka vekk ganske fort. Ein nyttar wikiprogramvare til dette arbeidet.

Ganske fasenerande synest eg.

Ordet Wikipedia er ein kombinasjon av Wikiwiki og Encyclopedia.

Wikipedia starta 15. januar 2001. Først berre i engelskspråkleg utgåve, men alt i mars samme år byrja ein på ein franskspråkleg versjon. Sidan har det utvikla seg vidare og i 2004 vart arbeidet med ein nynorsk Wikipedia starta.

No er det over 350 000 artiklar på engelsk og over 650 000 artiklar på andre språk. Og antal artiklar veks fort.