Friday, November 25, 2005

Himmeldiamanten



Eg er med i eit kor som heiter Sola Fide. Vi har nettopp gitt ut ein jule-CD og den heiter Himmeldiamanten.

No er det tid for julekonsertar og Sola Fide har år sine julekonsertar i Skjold kirke og i Mariakirken. 18.desember i Skold kirke (to konsertar samme dag) og 20. desember i Mariakirken. Konserten i Mariakirken er alt utseld, men det er billetar igjen til dei to konsertane i Skjold kirke.

Du vil finne meir informasjon om koret, CD-en og julekonsertane på intenettsida til koret.

Monday, November 07, 2005

Fotballsesongen er over

Vålerenga vann serien og Molde cupen. Ein tidsepoke er over, seiersrekka til Rosenborg er over. Det unngjekk så vidt nedrykksspøkelse samtidig som dei spela i Champions League. Veldig rart.

Trur det er ein styrke for norsk fotball at andre lag vinn. I tillegg var det svært jamt heilt til slutt, det er også med på å halde interssa oppe.

SK Brann gjorde også ein skuffande dårleg sesong. Klarde ikkje å vidareføre siste sesong. Dei har vore plaga av mange skadar, likevel er det noko som ikkje stemmer heilt på Stadion. Er ikkje så sikker på om det vil bedre seg til neste år.