Friday, April 01, 2005

Deg å få skoda

Denne fine irske salmen frå 700-tallet er mykje brukt i Norge. Ifølge NRK.no er den ein av dei mest brukte sangane våre. Ikkje så rart. Teksta er ei personleg bønn om å vere nær Gud, og melodien bygger godt under teksta. Arve Brunvoll har gjort ein god jobb i omsettinga.

Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!!

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du del levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom tilmeg, Herre, ja, bu du i meg!

Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen


No comments: