Monday, April 11, 2005

Ny fotball sesong

Fotballen har byrja å rulle igjen.

Dei fleste kampane i eliteserien vart spelt igår og sidan både RBK og VIF avga poeng ligg alt klart for at Brann kan få eit forsprang på dei andre favorittane alt i starten.

Aalsesund FK gjorde ein god jobb ved å ta eitt poeng i Trondheim, det kunne fort blitt tre.

Som oftast har Brann vore seriemester lenge før sesongen har byrja. Iallefall i egne og dei fleste bergensarar sine auge. Dette har endra seg dei siste åra og under Mons Ivar Mjelde har slike draumeslott ikkje så stor plass. Til trass for dette er det iår håp om at ein skal gjere ein bedre sesong enn i fjor. Men som alltid vil laget frå trøndelag bli vanskeleg å slå og Vålerenga virkar også sterke, i tillegg dukker det nok opp eit par lag som gjer det bedre enn venta.

Det hadde gjort dersom eit anna lag enn RBK vann serien (og cupen) iår. Og eg håper at det blir Brann.

No comments: